Fylkestinget i Ålesund 10. juni 2024.
Per-Kristian Bratteng
Bypakke Kristiansund skal bidra til koordinert by- og transportutvikling i eit miljøvenleg, trafikksikkert og påliteleg transportsystem.
Bypakke Kristiansund er eit tre-parts samarbeid som består av Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ein føresetnad for realisering av bypakken er at prosjektet blir vedtatt med likelydande vedtak i kommunen og fylkeskommunen. Bystyret i Kristiansund har 18. april i år vedtatt bypakken.
Finansieringa av Bypakke Kristiansund er basert på innkreving av bompengar, fylkeskommunale midlar og statlege tilskot.
Pressemelding fra Møre og Romsdal Fylkeskommune